[Soundtrack: Scorpions - Winds of Change]
Eg kan framleis hugse at eg såg Berlinmuren bli knust til betongstøv året før. Masse glade folk med slegger og sjampis, som stod oppå ein høg mur. Eg var 6 år, og forstod ikkje heilt kor viktig det som skjedde på skjermen var.
Kommunismens fall blei, som seg hør og bør, feira på nyttårsaftan '89-'90. Eg hadde akkurat byrja få sansen for fyrverkeri (noko som hadde skremt meg litt før) og var klar for knall og pang!
Eg hugsar at onkel hadde med seg ein lysrakett som han fyrte opp, og eg var temmeleg fascinert av det gule lyset, skapt av reaksjonen mellom magnesium og natriumnitrat. Om eg ikkje hugsar feil, så hadde onkel sikkert eit knallskudd på lur òg. Undrast om eg har tomhylsa til den lysraketten enda..
Fyrverkeriet var ivertfall spanande på 90-talet. Det var framleis lov med rakettar, sjølv om dei var noko mindre enn "200-kronersrakettane" som var vanlege frå tidlig 2000-tal. Eg hugsar det var noko raude og blå rakettar med plastkropp som eg syns var ganske fascinerande. Hylerakettane var nesten betre på 90-talet. Det eksisterte til og med håndholdte hylarar!

På 90-talet, fram til eit visst punkt, eksisterte Thunder King som enkelteiningar. Dei kom i 10-pakningar, var raude på farge og smalt noko infernalsk! Det var også andre typar som Flashing Thunder, Night Thunder og Thunder & Lightning. Men Thunder King var best.. Trur dei forsvann i 1994-1995.. Grunnen var vel som med kinaputtane - folk fann dei veleigna til å sprenge ting til helvete med! Har høyrt rykter om at bilar var eit ynda mål, og eg kan tenke meg at ein slik i eksosrøyret vil laga litt rabalder.. Etter forbodet mot enkelteiningane var me ikkje rådlause.. Me demonterte bare Thunderbatteria! Ein liten halvtimes kosearbeid gav oss 25 av herlighetane... Og metoden funkar også på 50 mm effektbatteri.. ;)
Ein anna fyrverkeriartikkel som forsvant på 90-talet, var dei store luftbombene. Enkeltståande røyr, med eit kaliber på 100 mm, som fylte himmelen med prakt! Dessverre klarte ein eller anna idiot å stikke hovudet over munningen på ei slik, og fekk regelrett hovudet blåst av.. Og som med mykje anna kjekt i Noreg, så valgte myndighetane å forby skiten, framfor å tenka litt meir Darwinistisk og sei til seg sjøl "jaja, ein idiot mindre". Etter dette kom det krav om maksimal eksplosiv nettovekt og avgrensing av kaliber for markfyrverkeri. Overformynderiet til staten har øydelagt mykje moro..
Men ok, litt fastkjørt i fyrverkeri der. Eg byrja på skulen hausten 1990 (hadde gått på førskule før det, men det tel ikkje). Nye vener og ny kunnskap! Eg hadde allereie møtt mange av klassekameratane mine før, og somme av dei skulle eg ha følge av heilt fram til russetida, 12 år seinare. Dei to fyrste klassetrinna gjekk eg på Ås Skule, ein koseleg skule i utkanten av Leirvik sentrum, men me vart flytta til Leirvik skule hausten '92, då tredje klasse stod for tur.
Med skule så kom kjennskapen til nye leiker. Allerede på Ås, høyrte eg om Turtles (TNMT) og vart bitt av basillen. Eg hadde eit par figurar (Leonardo og Rocksteady) og abonnerte på bladet. Me laga oss ninjavåpen, som t.d. Nunchakus (to pinnar og eit tau) og Bo (stokken til Donatello), og banka kvarandre med dette. Etterkvart fann me ut korleis me skulle laga ninjastjerner, men det var ikkje før me kom på ungdomsskulen og fekk tilgang til slipemaskinar.. Shuriken og konfirmasjonsundervisning var ein artig kombinasjon.. Ellers var det jo GI Joe (eller Action Force som det heitte i Europa) som var det store. Etterkvart kom skit som pog og pokemon og øydela alt.. Ein anna ting som var sjef på 90-talet, var å laga knallbomber! Knallremser blei bretta horisontalt, surra rundt singelstein og teipa med elektrikarteip. Smalt godt når dei traff asfalten. Me laga til og med variantar med luntetenning. Her nytta me som oftast gummistrikk som lunte, noko som ikkje alltid funka.
Ein kompis av meg nytta faktisk knallbomber som ammunisjon i "det store slaget ved Furulyvegen", også kjent som eplekrigen '97. Dette var, kort fortalt, ein episk lekekrig der epler vart nytta som det konvensjonelle hovudvåpnet.
Etter krigen måtte såra slikkast. Og kva var vel betre enn snop?
90-talet hadde utruleg mange innovative formar for "snack foods" som nesten bare blei døgnfluger, men var også endestasjon for mange klassiske typar godteri.
La oss ta for oss leskedrikkane fyrst. Crystal Pepsi. Dette er eit 90-tals ikon, som er eit glitrande eksempel på korleis alt skulle vera så "fresh" på den tida. Eg siterar frå Wikipedia: "Crystal Pepsi was marketed as a caffeine-free "clear alternative" to normal colas, equating clearness with purity and health". Det smakte vanleg Pepsi, men det at det var ei klar væske med colasmak, føkka litt med hovudet ditt.. Eg elska det, men folk var generelt sett skeptiske. Drikken eksisterte på marknaden frå 1993 til 1994. Ein anna ting Pepsi lanserte her til lands, var to alternative typar 7Up, ein med bringebærsmak og ein med appelsinsmak. Dette kom noko etter krystallcolaen.. Apropos Pepsi, siste gongen eg kan hugsa eg drakk Pepsi frå dei klassiske glasflaskene (0.5 L?) var hausten '92 eller våren '93. Og gjett kva eg oppdaga då? Salmiakkdrops oppi dei nevnte pepsiflaskene, gav ein fin geysir av brus! Mentos my ass..
Shio er ein anna klar brus frå 90-talet. Eg syns han smakte skit (den med grapefruktsmak smakte meir som rabarbra), men ein kompis av meg forguda han..
Ein anna ting eg hugsar frå det glade 90-talet, er drikken Festis. Eit svensk produkt, lansert i Noreg. Det var i bunn og grunn utblanda saft med ymse smakar, i ei småfancy flaske. Eple, Sitron-lime og solbær var vel nokon av smakane. Eksisterar framleis i Sverige.
Sjå kor hipt..
Når det gjeld snop, var det mykje artig. Dette var tiåret Bonbon-snopet vart lansert. Med navn som Tisse-Maur, Måke-klatter, Råtne Fisk og Container-Snadder, var dette midt i blinken for ein prepubertal jækelunge som meg sjølv.
Isbre-drops spiste eg siste gang i '95 på leirskule på Gullingen. Fantastisk gode mintdrops, som såg ut som mini-isblokker. Og når me er innpå sterkare drops, så var jo Cool-dropsa konge. Firkanta, sukkerstrødde superseige geledrops. To smakar - Tenor og furunål, der førstnevnte var gule, og sistnevnte grøne. Trur desse forsvann rundt same tida som Isbre. TaTo-dropsa er også djupt sakna. Nidar produserte dei og dei kom i variantar som saltlakris og furunål.
Sjokoladane Riegel og Hasla tjente som ein kvikk sjokolade-fiks, dersom du fann ei tomflaske eller to på vegen heim frå skulen. Tyggisen Digg var også meget prisvennleg, med sine 25 øre "a pop". Eksisterte som vanleg og saltlakris. Bugg må sjølvsagt nevnast. Den gongen kosta Bugg 50 øre, og kom i ein heil haug med smakar.

Soho-sjokoladen er vel kanskje det 90-tals snopet det har vore mest blest om i det siste. Denne yoghurtcrisp-fylte herligheten spiste eg ein god del av! Disneysjokoladen er det nok mange som hugsar. Melkesjokolade med eit relieff av ein Disney-figur i kvit sjokolade. Snadder.
Is på 90-talet var noko for seg sjølv. Tyrkisk pepper-is og ClipClap-is med sitrontrekk over vaniljeis (med tyggispinne - basert på tyggisen med samme navn) er vel dei mest minneverdige.
Eg hugsar også potetsticks i fleire smakar, Biff&Løk-chips, Kims French Fries med paprika og potetskruar med salt & pepar. Alt i alt, eit smakfullt tiår!
Dette var slutten på del 1. I neste del tar eg for meg populærkultur frå 90-talet! Film, musikk og fjernsyn! Hugsar du til dømes Go 'Elg? ;)