Etter å ha spelt S.T.A.L.K.E.R.-serien ein del, har eg lagt min elsk på eit russisk våpensystem. OTs-14 "Groza", som tyder torden, er ei meget hendig og modulær angrepsrifle, basert på AKS-74U (75% delar felles), i det interessante kaliberet 9 x 39 mm. Ammunisjonen er subsonisk, som er bra for lyddemping, samt at enkelte av variantane innen kaliberet er panserbrytande. Systemet vart utvikla for Spetsnaz tidleg på 90-talet.
Den vanlegaste konfigurasjonen som vist ovenfor, består av ein 40 mm granatkaster (omtrent identisk med GP-25 og GP-30 som ein kan montere på AK-47/-74-serien) og ei rifle i det nevnte kaliberet. Magasinet er på 20 skot og ein velger mellom granatkaster og rifle med ein omstillar over avtrekkaren. Rifla har ei effektiv rekkevidde på ca. 200 meter, då 9 mm-prosjektilet er relativt tungt og subsonisk.
40 mm-granatene er av typen VOG-25 (splint) VOG-25P (splint med hoppfunksjon), som munningladast og er pre-rifla. Granatene har inga hylse, men har drivladninga og tennhetta i "knotten" bakerst:

VOG-25 og VOG-25P
VOG-25P er utstyrt med ein liten drivladning i nasa, som går av ved treff og kastar sprengladningen ein meter opp i lufta før han detonerar - omtrent som ei hoppmine. Hendig for å gjere det av med personell i dekning. I tillegg til desse to, fins det ein variant med CS-gass - Gvozd ("spiker"). Den effektive rekkevidda til desse granatene er ca. 150 meter.
Systemet kan konfigurerast etter behov, og kjem i ein hendig koffert med alt tilbehøret:
Som ein ser, så kan granatkastaren byttast ut med eit forgrep, eller ein kan setta på ein lyddempar og kikkertsikte for lydlaus skarpskyting. Vidare kan ei rekke ulike elektroniske sikter monterast på bærehåndtaket. Kort sagt, eit meget hendig og fleksibelt våpen.
