fredag 11. februar 2011

Våpenhjørnet - OTs-14 Groza




Etter å ha spelt S.T.A.L.K.E.R.-serien ein del, har eg lagt min elsk på eit russisk våpensystem. OTs-14 "Groza", som tyder torden, er ei meget hendig og modulær angrepsrifle, basert på AKS-74U (75% delar felles), i det interessante kaliberet 9 x 39 mm. Ammunisjonen er subsonisk, som er bra for lyddemping, samt at enkelte av variantane innen kaliberet er panserbrytande. Systemet vart utvikla for Spetsnaz tidleg på 90-talet.

Den vanlegaste konfigurasjonen som vist ovenfor, består av ein 40 mm granatkaster (omtrent identisk med GP-25 og GP-30 som ein kan montere på AK-47/-74-serien) og ei rifle i det nevnte kaliberet. Magasinet er på 20 skot og ein velger mellom granatkaster og rifle med ein omstillar over avtrekkaren. Rifla har ei effektiv rekkevidde på ca. 200 meter, då 9 mm-prosjektilet er relativt tungt og subsonisk.

40 mm-granatene er av typen VOG-25 (splint) VOG-25P (splint med hoppfunksjon), som munningladast og er pre-rifla. Granatene har inga hylse, men har drivladninga og tennhetta i "knotten" bakerst:

VOG-25 og VOG-25P

VOG-25P er utstyrt med ein liten drivladning i nasa, som går av ved treff og kastar sprengladningen ein meter opp i lufta før han detonerar - omtrent som ei hoppmine. Hendig for å gjere det av med personell i dekning. I tillegg til desse to, fins det ein variant med CS-gass - Gvozd ("spiker"). Den effektive rekkevidda til desse granatene er ca. 150 meter.

Systemet kan konfigurerast etter behov, og kjem i ein hendig koffert med alt tilbehøret:


Som ein ser, så kan granatkastaren byttast ut med eit forgrep, eller ein kan setta på ein lyddempar og kikkertsikte for lydlaus skarpskyting. Vidare kan ei rekke ulike elektroniske sikter monterast på bærehåndtaket. Kort sagt, eit meget hendig og fleksibelt våpen.

I'm only happy when it rains..

Long time no see, fuckups!

Tenkte eg kunne fyre opp bloggen igjen, bare for å ta ut litt frustrasjon.. Bloggen har liksom ikkje levd heilt opp til navnet sitt.. Altfor lite misantropi.. Det blir meir om våpen som er tøffe, mat som er tøff, musikk som er tøff og andre tøffe ting som saueflokken himlar med augene over. Kort sagt, ting som gir livet meining! Men, me er ikkje her for å kosa oss.. Og no som eg er lettare depressiv, så blir alt så mykje meir interessant... Kall det terapi eller whatever..

Fullfører sikkert 90-talsføljetongen, då livet var betre på nittitalet (før tørkleskallane våkna og tok til med å sprenga alt og alle), samt at eg har litt betre tid no som eg ikkje slavar over den jævla burgergrillen lengre.. Men det kjem eg tilbake til..

Det er medio februar og eg stirar ut glaset her eg sit, tungt medisinert mellom Sunnhordlands fagre fjell. Veit du ikkje kor Sunnhordland er? Då er du sikkert frå slaggholet Oslo... Og om du ikkje veit kva medio betyr, er du faen meg dum i hovudet!

Eg var som sagt i gong med kokkeutdanning, og har fullført faenskapet. Praktisk eksamen hadde eg på Årstad Vidaregåande. Der heilsteikte eg svinenakke til perfeksjon (godt inngnidd med salt og pepar), og serverte herligheten med relativt tradisjonelt garnityr (smørdampa brokkoli, gulrot, amadinepoteter og ein utsøkt svinesaus). Til dessert vart det Crema Catalana - spansk creme brulee (tilsatt sitron og kanel). Dei likte det og eg bestod.

Livet smilte, og eg hadde ein fin vår. Reiste på Norway Rock 2o1o (jævlig fett - Twisted Sister og Megadeth var sjefast!) , samt ein artig harrytur til Sverige, og ante fred og ingen fare, heilt til slutten av august. Ut av det blå stod eg med oppsigelsen i neven. HELVETE! Plutseleg var eg ikkje god nok, og tre års underbetalt slaving i cafègruvene vart pissa på. Greit nok, eg begynte å gå lei, men samtidig var spiriten stigande, då nye utfordringar stod for døra - noko eg såg fram til. Men eg tippar den mindre begava og temmeleg metroseksuelle eks-sjefen (som forblir anonym) min aldri har likt meg, og såg nok sitt snitt til å bli kvitt meg..

Vel, newsflash, dipshit! Ingen av dine ansatte likar deg egentlig, sjølv om du skulle tru det. For å parafrasere (for vanskelig ord for deg?) Tyholt Apenes - Eg et heller ein kilo med drit med dåpsskeia til Vidkun Quisling, enn å jobbe under deg igjen! Ah, det føltes godt! :D

Anyhow.. Lediggang er rota til alt vondt, då spesielt pga NAV. Herregud for ein samling med inkompetente horungar! Det er ikkje ein ting dei der ikkje klarar å kuka til! Må ein ha eit ekstra kromosom for å jobba der? Dagpengesøknaden min blei satt i 2 månaders karantene, då dei åpenbart misforstod sluttattesten min.. Sendte jo klage, men den får eg jo svar på i juni.. Kva er problemet, NAV? Har dykk forspist dykk på Kvit Dame (kjøpt inn av underslåtte statsmidler) og må ta ein tredagars? Wankers!

Begeret blei fullt og svartsinnet kom.. Fekk masse kjekke tablettar frå min sympatiske fastlege. Ein mot overproduksjon av syre, ein for å booste stoffskiftet og ein for å brekke hjernen tilbake på plass. Knask.

Så her sit eg altså, medisinert og bitter. Nyhetene masar om Egypt igjen.. Må faen meg bare nuka heile Midtausten..

Klem frå Stormis.


søndag 25. oktober 2009

Minner frå 90-talet - Del 2 - Film, musikk og fjernsyn!

Ja, det tok si tid, men her er del to!

På 90-talet kom det mykje bra, og mykje dårleg på filmfronten. Det var tiåret eg utvikla musikkinteressen min, gjennom mange merkelege fasar. Og det var tiåret der mange av fjernsynsprogramma var heilt sjef.

I 1990 var eg sju år, og det skulle gå sju år til før eg lovlig kunne sjå dei filmane eg ønska. Action, krig og elendighet, har alltid vore min favorittsjanger, og det er dei eg kjem til å fokusera på. Grunnen er vel at eg vart introdusert for kjekke bøker som "Soldaten i felt" i femårsalderen, samt kledd opp i full feltuniform, komplett med gassmaske, AG3 og bajonett, før fylte 9 år.. Dette gjorde ting med eit barnesinn, men sidan eg er eit barn av den kalde krigen, så låg nok dette i meg instinktivt, hehe..


Andreas Hauge sine teikningar i Soldaten i Felt, hadde nok ein viss verknad på ein 5-åring..

Egentlig så er det ein flytande overgang mellom 80- og 90-talsaction, men her vel eg kun å ta med filmane frå 1990 til 1999.

Den første filmen eg virkelig masa på foreldra mine om å få sjå, var vel Terminator 2. Det skulle gå nokre år før eg fekk sjå mesterverket, men det var verdt det. Den filmen er i mine auger sjølve ikonet på prima 90-talsaction. Perfekt. Det skal vel nevnast at atomeksplosjonen skremte livskiten utav meg den gongen..

Då eg var 11, fekk eg sjå Total Recall hos ein kompis. Dette var vel min første 18-årsfilm. Damer med tre pupper , eksploderande hovud og ikkje minst Kuato!

Sjølvsagt så var ikkje alt like bra. Predator, ein kremfilm frå 80-talet, fekk ein oppfølgar på 90-talet. Predator 2 var noko tammare enn den første, men litt kul var han no lell.

90-talet skulle gi oss mange artige oppfølgarfilmar. Die Hard 2 og 3 og Dødelig Våpen 2 og 3 er glimrande dømer. Die Hard serien, spesielt dei to første, er i min familie julefilmar. Så mens enkelte føretrekk hespetreet Tante Spypose og strikketøyet hennar, så føretrekk me John McClane sine anstrengte miner og maskinpistolen hans! Now I have a machine gun! Ho, ho, ho!

Dødelig Våpen serien er framifrå eksempel på sjangeren actionkomedie. Dette var ein sjanger som regelrett blomstra etter kommunismens fall og var lett min favorittype film, då eg var rundt 12. Eit anna godt døme (i motsatt ende av skalaen) er kalkunen Suburban Commando, der Hulk Hogan spelar ein romhelt som er stranda på jorda hos ein familie... Jepp, du skjønar nok kor tamt det heile er..

Det kom allslags folk på Dimmu Borgir sin vokalistaudition..

Etterkvart som nittitalet blei tørt bak øyrene, fekk me action-blockbusters som Independence Day, The Rock, The Matrix og ikkje minst Armageddon! Personleg syns eg desse filmane satte standarden for 2000-talets actionfilmar, og gjorde ungdomstida mi meget førnøyeleg!

Ser ein bort frå den typiske actionsjangeren eit augeblikk, så er eg nødt til å nevne essensielle perler som Pulp Fiction, The Crow, Saving Private Ryan, Clerks, Trainspotting, Natural Born Killers, Braveheart, Leaving Las Vegas, Falling Down, Fear and Loathing in Las Vegas, Army of Darkness, Fight Club og ikkje minst Wayne's World! Puh! Essensielle som sagt, så om du ikkje har sett alle desse, så har du ei fin oppgave framfor deg! ;)

Over til musikk. På 90-talet våkna musikkinteressa mi. Dei to første albuma eg fekk, var Top Gun-soundtracket og Europe med "The Final Countdown"- begge på kassett! Begge kassettane vart flittig brukte, spesielt på bilferieturane til Kragerø i 1991 og 1992.

Rock var noko av den første musikken eg satte pris på. Eg oppdaga Guns 'n' Roses og Metallica då dei slapp henholdsvis Use Your Illusion I & II og The Black Album (begge sluppe hausten '91), og dei tilhøyrande musikkvideoane fekk TUNG rotasjon på MTV til langt forbi 1995. Kompisar hadde sjølvsagt albuma og desse vart hyppig spelte då eg var på besøk hos dei. Ja, til og med eine onkelen min hadde The Black Album, men eg fekk ikkje låne det, då mamma sikkert ikkje ville like det..

Etterkvart nærma puberteten seg og persoleg identitet vart viktigare enn nokon gong. Me fekk sjangrar som Euro-dance og grunge, og eg må sei eg snuste på begge. Min første CD var faktisk 2 Unlimited - No Limit.. Litt flau over det no, men eg har eit veldig nostalgisk forhold til heile eurodancesjangeren. Eller, faen heller, all 90-talsmusikk (unntatt boyband) gjer meg dritnostalgisk! ;)

Etterkvart kjøpte eg meg mitt eige stereoanlegg. Eg kjøpte eit brukt AKAI(!) for ein 500-lapp av ein kompis, og fekk ein valfri CD på kjøpet. Det blei Green Day - Dookie! Kremplate! Fordelen med å ha eit anlegg var at musikk kunne lett takast opp på kassett. P3 hadde jo faktisk fantastiske spelelister (Og program, som XL og Karate!) på den tida! Til og med Absolute Music-serien var brukande på 90-talet, og så vidt eg veit, så hadde jo "alle" Absolute Music 12, og ho vart hyppig spelt på klassefestar. Min første slow-dans var faktisk til The September When - Cries Like a Baby på den plata.

Plata "alle" hadde og som var gull verdt på klassefest!

Lenge vingla eg hit og dit i musikkverda, men under eit kaffibesøk hos onkel og tante tidleg i 1997, rota eg i CDane til det eldste søskenbarnet mitt, og fann to Iron Maiden-album. X-factor og Best of The Beast. Eg stirra lenge på coveret til Best of The Beast, og sa til meg sjølv, at dette var noko av det tøffaste eg hadde sett. Eg satte på plata og fann låten 2 Minutes To Midnight. Grunnen til at eg valgte denne, var at ein bekjent av meg hadde eit Maiden-ryggmerke med motivet frå denne singelen - Eddie (Maiden sin maskot), med ei rifle i eine handa, sit i ruinane av FN-bygningen og peikar på deg medan ein atomsopp skyt opp i bakgrunnen!

Låten kickar i gong med eit kanonriff, før trommene til Nicko McBrain smell i veg! Så kjem vokalen til Dickinson! Visjonar om krig og elende: "Kill for gain or shoot to maim, but we don't need a reason.. ...Napalm screams of human flames... ...The body bags and little rags of children torn in two..". Eg var mållaus. Dette var den beste musikken ever! Metal kombinert med tekstar som ville sei oss noko. Solgt! Det gjekk ikkje mange dagane før Best of The Beast var skaffa. Eg høyrte vel på den plata non-stop i 2 veker.. Men eg måtte ha meir Maiden! Eg lånte eit par CDar av nokre kompisar, men det var heller ikkje nok, så etter eg var konfirmert og hadde ein solid bunke monetas, trampa eg ned til platesjappa og bestilte ALT av Maiden som kunne skaffast!

Dei neste to åra høyrte eg ikkje på anna enn Maiden. Etterkvart fann eg fram Metallica og G'n'R att, og spedde på med band som Manowar, Blind Guardian og Helloween (powermetal-fasen min), og såleis utvida musikk-horisonten min seg voldsomt. Men då er me over på 2000-talet, og det er ei anna historie.

Siste emnet her, er om fjernsynet på 90-talet. Eg har mange gode minner om laurdagskveldar heime, der den heimelaga pizzaen står rykande varm på bordet, og laurdagsunderhaldninga surrar og går på fjernsynet.

Midt i Smørøyet er vel eit av dei kjæraste fjernsynsminna eg har frå dette tiåret. Det gjekk i 10 år, frå 88 til 98, og var "mediainngangsporten" til mange av dagens kjendisar, som til dømes Bertine Zetlitz og Triana Iglesias. Borgen skole var vel kanskje det kulaste med heile Midt i Smørøyet, og gav oss vestlendingar eit innblikk i korleis ungar og ungdommar i Oslo var.

Eit anna program som alltid var ein hit, var den årlege sendinga av Ta Sjansen frå Holmenkollen. Det var to klassar - båt og sykkel. Båtklassen gjekk ut på at ein satte utfor ei sklie i heimalaga farkostar, og målet var å fyke utover Besserudtjernet, få fatt i ei bøye med bjelle og ringe med denne bjella - på kortast mogleg tid. Sykkelklassen gjekk ut på at ein skulle sykle på ein slags tynn flytebrygge-planke over til ei større "øy" - dette også utan å velte og på kortast mogleg tid. Veldig Jackass! :D

På 90-talet fekk me parabol, og ei heil verd av artige kanalar åpenbarte seg. MTV (Europa-avdelinga) og Cartoon Network var det desidert beste. Tvilsomme tyske kanalar hadde me òg. Etterkvart kom TV2 og NRK2 (TV3 og TVNorge fekk me ikkje inn før seint på 90-talet) og utvalget på fjernsynsfronten kom seg betydeleg.

I februar 1995 hadde eit av mine favorittprogram første sending. Go' elg! I dei fem åra det var på lufta, så var det eit helgerituale. Heim frå skulen - sluke middagen - slå på NRK! Her var det noko for ein kvar smak! Musikkvideoønsker, konkurransar, seriar! Den lett maniske Jan Erik Larssen satte verkeleg helgestemninga, medan Vera Micaelsen og Stine Buer, fekk det til å boble litt ekstra i ein pubertal gutekropp...


Symbolet for helg - før alkoholen tok oss alle!

Den norske humoren på 90-talet var også noko heilt spesielt. Bård Tufte Johansen og Harald Eia tok over stafettpinnen frå KLM med Lille Lørdag og seinare Åpen Post, og var som eit friskt pust, med sin ironi og satire. Otto Jespersen var også ein av komikarane som dominerte 90-talet, med dei herleg politisk ukorrekte programma O.J. - Ut på prøve, O.J. - På nye eventyr, Trotto Libre (med Trond Kirkvaag) og O.J. – en utstrakt hånd.

Ellers var det ein haug med kvalitetsprogram på 90-talet, du finn kanskje nokre gamle favorittar her?

Merk: Publiseringsdato er 3. mars 2011, då 25. oktober 2009 skriv seg frå den lagra kladden.

lørdag 7. mars 2009

Minner frå 90-talet - Del 1 - Nyttår, skule og snop

90-talet ja.. La oss ta det frå byrjinga..

[Soundtrack: Scorpions - Winds of Change]

Eg kan framleis hugse at eg såg Berlinmuren bli knust til betongstøv året før. Masse glade folk med slegger og sjampis, som stod oppå ein høg mur. Eg var 6 år, og forstod ikkje heilt kor viktig det som skjedde på skjermen var.

Kommunismens fall blei, som seg hør og bør, feira på nyttårsaftan '89-'90. Eg hadde akkurat byrja få sansen for fyrverkeri (noko som hadde skremt meg litt før) og var klar for knall og pang!

Eg hugsar at onkel hadde med seg ein lysrakett som han fyrte opp, og eg var temmeleg fascinert av det gule lyset, skapt av reaksjonen mellom magnesium og natriumnitrat. Om eg ikkje hugsar feil, så hadde onkel sikkert eit knallskudd på lur òg. Undrast om eg har tomhylsa til den lysraketten enda..

Fyrverkeriet var ivertfall spanande på 90-talet. Det var framleis lov med rakettar, sjølv om dei var noko mindre enn "200-kronersrakettane" som var vanlege frå tidlig 2000-tal. Eg hugsar det var noko raude og blå rakettar med plastkropp som eg syns var ganske fascinerande. Hylerakettane var nesten betre på 90-talet. Det eksisterte til og med håndholdte hylarar!

På 90-talet, fram til eit visst punkt, eksisterte Thunder King som enkelteiningar. Dei kom i 10-pakningar, var raude på farge og smalt noko infernalsk! Det var også andre typar som Flashing Thunder, Night Thunder og Thunder & Lightning. Men Thunder King var best.. Trur dei forsvann i 1994-1995.. Grunnen var vel som med kinaputtane - folk fann dei veleigna til å sprenge ting til helvete med! Har høyrt rykter om at bilar var eit ynda mål, og eg kan tenke meg at ein slik i eksosrøyret vil laga litt rabalder.. Etter forbodet mot enkelteiningane var me ikkje rådlause.. Me demonterte bare Thunderbatteria! Ein liten halvtimes kosearbeid gav oss 25 av herlighetane... Og metoden funkar også på 50 mm effektbatteri.. ;)

Ein anna fyrverkeriartikkel som forsvant på 90-talet, var dei store luftbombene. Enkeltståande røyr, med eit kaliber på 100 mm, som fylte himmelen med prakt! Dessverre klarte ein eller anna idiot å stikke hovudet over munningen på ei slik, og fekk regelrett hovudet blåst av.. Og som med mykje anna kjekt i Noreg, så valgte myndighetane å forby skiten, framfor å tenka litt meir Darwinistisk og sei til seg sjøl "jaja, ein idiot mindre". Etter dette kom det krav om maksimal eksplosiv nettovekt og avgrensing av kaliber for markfyrverkeri. Overformynderiet til staten har øydelagt mykje moro..

Men ok, litt fastkjørt i fyrverkeri der. Eg byrja på skulen hausten 1990 (hadde gått på førskule før det, men det tel ikkje). Nye vener og ny kunnskap! Eg hadde allereie møtt mange av klassekameratane mine før, og somme av dei skulle eg ha følge av heilt fram til russetida, 12 år seinare. Dei to fyrste klassetrinna gjekk eg på Ås Skule, ein koseleg skule i utkanten av Leirvik sentrum, men me vart flytta til Leirvik skule hausten '92, då tredje klasse stod for tur.

Med skule så kom kjennskapen til nye leiker. Allerede på Ås, høyrte eg om Turtles (TNMT) og vart bitt av basillen. Eg hadde eit par figurar (Leonardo og Rocksteady) og abonnerte på bladet. Me laga oss ninjavåpen, som t.d. Nunchakus (to pinnar og eit tau) og Bo (stokken til Donatello), og banka kvarandre med dette. Etterkvart fann me ut korleis me skulle laga ninjastjerner, men det var ikkje før me kom på ungdomsskulen og fekk tilgang til slipemaskinar.. Shuriken og konfirmasjonsundervisning var ein artig kombinasjon.. Ellers var det jo GI Joe (eller Action Force som det heitte i Europa) som var det store. Etterkvart kom skit som pog og pokemon og øydela alt.. Ein anna ting som var sjef på 90-talet, var å laga knallbomber! Knallremser blei bretta horisontalt, surra rundt singelstein og teipa med elektrikarteip. Smalt godt når dei traff asfalten. Me laga til og med variantar med luntetenning. Her nytta me som oftast gummistrikk som lunte, noko som ikkje alltid funka.

Ein kompis av meg nytta faktisk knallbomber som ammunisjon i "det store slaget ved Furulyvegen", også kjent som eplekrigen '97. Dette var, kort fortalt, ein episk lekekrig der epler vart nytta som det konvensjonelle hovudvåpnet.

Etter krigen måtte såra slikkast. Og kva var vel betre enn snop?

90-talet hadde utruleg mange innovative formar for "snack foods" som nesten bare blei døgnfluger, men var også endestasjon for mange klassiske typar godteri.

La oss ta for oss leskedrikkane fyrst. Crystal Pepsi. Dette er eit 90-tals ikon, som er eit glitrande eksempel på korleis alt skulle vera så "fresh" på den tida. Eg siterar frå Wikipedia: "Crystal Pepsi was marketed as a caffeine-free "clear alternative" to normal colas, equating clearness with purity and health". Det smakte vanleg Pepsi, men det at det var ei klar væske med colasmak, føkka litt med hovudet ditt.. Eg elska det, men folk var generelt sett skeptiske. Drikken eksisterte på marknaden frå 1993 til 1994. Ein anna ting Pepsi lanserte her til lands, var to alternative typar 7Up, ein med bringebærsmak og ein med appelsinsmak. Dette kom noko etter krystallcolaen.. Apropos Pepsi, siste gongen eg kan hugsa eg drakk Pepsi frå dei klassiske glasflaskene (0.5 L?) var hausten '92 eller våren '93. Og gjett kva eg oppdaga då? Salmiakkdrops oppi dei nevnte pepsiflaskene, gav ein fin geysir av brus! Mentos my ass..

Shio er ein anna klar brus frå 90-talet. Eg syns han smakte skit (den med grapefruktsmak smakte meir som rabarbra), men ein kompis av meg forguda han..

Ein anna ting eg hugsar frå det glade 90-talet, er drikken Festis. Eit svensk produkt, lansert i Noreg. Det var i bunn og grunn utblanda saft med ymse smakar, i ei småfancy flaske. Eple, Sitron-lime og solbær var vel nokon av smakane. Eksisterar framleis i Sverige.

Sjå kor hipt..

Når det gjeld snop, var det mykje artig. Dette var tiåret Bonbon-snopet vart lansert. Med navn som Tisse-Maur, Måke-klatter, Råtne Fisk og Container-Snadder, var dette midt i blinken for ein prepubertal jækelunge som meg sjølv.

Isbre-drops spiste eg siste gang i '95 på leirskule på Gullingen. Fantastisk gode mintdrops, som såg ut som mini-isblokker. Og når me er innpå sterkare drops, så var jo Cool-dropsa konge. Firkanta, sukkerstrødde superseige geledrops. To smakar - Tenor og furunål, der førstnevnte var gule, og sistnevnte grøne. Trur desse forsvann rundt same tida som Isbre. TaTo-dropsa er også djupt sakna. Nidar produserte dei og dei kom i variantar som saltlakris og furunål.

Sjokoladane Riegel og Hasla tjente som ein kvikk sjokolade-fiks, dersom du fann ei tomflaske eller to på vegen heim frå skulen. Tyggisen Digg var også meget prisvennleg, med sine 25 øre "a pop". Eksisterte som vanleg og saltlakris. Bugg må sjølvsagt nevnast. Den gongen kosta Bugg 50 øre, og kom i ein heil haug med smakar.

Soho-sjokoladen er vel kanskje det 90-tals snopet det har vore mest blest om i det siste. Denne yoghurtcrisp-fylte herligheten spiste eg ein god del av! Disneysjokoladen er det nok mange som hugsar. Melkesjokolade med eit relieff av ein Disney-figur i kvit sjokolade. Snadder.

Is på 90-talet var noko for seg sjølv. Tyrkisk pepper-is og ClipClap-is med sitrontrekk over vaniljeis (med tyggispinne - basert på tyggisen med samme navn) er vel dei mest minneverdige.

Eg hugsar også potetsticks i fleire smakar, Biff&Løk-chips, Kims French Fries med paprika og potetskruar med salt & pepar. Alt i alt, eit smakfullt tiår!

Dette var slutten på del 1. I neste del tar eg for meg populærkultur frå 90-talet! Film, musikk og fjernsyn! Hugsar du til dømes Go 'Elg? ;)

søndag 23. november 2008

Islam - fredens religion..


Thousands of Deadly Islamic Terror Attacks Since 9/11



Eg seier som Rage Against The Machine - Killing in the name of...

Anbefalar sida det er lenkja til, der det mellom anna er veke- og månadsrapportar over åtak utført i Allahs namn, med "bodycount" og alt.. 

torsdag 20. november 2008

Eksamensnerver..

Ja, på tide med ein liten oppdatering.. 

Les for tida til eksamen. Har som kjent meldt meg opp som privatist i VG1 Restaurant- og matfag, og skal såleis bli ein ekte faglært kokk om ikkje så altfor lenge.. 

Planen var jo opprinnelig å bli kjemilærar, men mens eg stod på jobb og flippa Bergens beste burgerar, så slo det meg. Ville eg verkeleg bli lærar i dagens skule? Var det ikkje meir interessant å lage mat? Visst faen!

Eg bestemte meg der og då for at eg skulle bli kokk! Eg fekk god hjelp på vegen av min gode ven Rune (RIP), og følger no i hans fotspor. Kanskje eg til og med byrjer på GI..?

Anyways, akkurat no går det i grunnsausar. Béchamel (melk + lys jamning), velouté ( lys kraft + lys jamning), espagnole (brun kraft + brun jamning), tomatsaus og hollandaise. Av desse kan ein laga andre typar, som t.d. demi-glace og bearnaise. Tenker eg får unnagjort matlagingskapittelet i natt, då det er for det meste oppskrifter som står der. 

Føler eg har kontrollen no, men nervene snik seg innpå.. Er litt under ei veke til eksamen i råstoff og produksjon. 

Nei, meir lesing! C ya!

onsdag 1. oktober 2008

Velkommen, fuckups!

Trudde aldri eg skulle få meg ein blogg, men no har eg jaggu meg tatt steget.. Facebook var liksom ikkje nok sjølvdyrking.. ;) 

Her kjem det mest sannsynleg mykje faenskap, mellom anna heile historien om korleis eg hadde det i førstegangstenesten. Eg kjem sikkert til å lire av meg mykje politisk ukorrekt skit, generelt hat mot menneskeheten\samfunnet, ymse anekdotar frå min kvardag o.s.b.. 

Eg skriv altså på nynorsk, og har du noko imot det, så kan du til dømes sutte litt på ein UZI..  

Enjoy!

-Håvard aka Stormis