søndag 25. oktober 2009

Minner frå 90-talet - Del 2 - Film, musikk og fjernsyn!

Ja, det tok si tid, men her er del to!

På 90-talet kom det mykje bra, og mykje dårleg på filmfronten. Det var tiåret eg utvikla musikkinteressen min, gjennom mange merkelege fasar. Og det var tiåret der mange av fjernsynsprogramma var heilt sjef.

I 1990 var eg sju år, og det skulle gå sju år til før eg lovlig kunne sjå dei filmane eg ønska. Action, krig og elendighet, har alltid vore min favorittsjanger, og det er dei eg kjem til å fokusera på. Grunnen er vel at eg vart introdusert for kjekke bøker som "Soldaten i felt" i femårsalderen, samt kledd opp i full feltuniform, komplett med gassmaske, AG3 og bajonett, før fylte 9 år.. Dette gjorde ting med eit barnesinn, men sidan eg er eit barn av den kalde krigen, så låg nok dette i meg instinktivt, hehe..


Andreas Hauge sine teikningar i Soldaten i Felt, hadde nok ein viss verknad på ein 5-åring..

Egentlig så er det ein flytande overgang mellom 80- og 90-talsaction, men her vel eg kun å ta med filmane frå 1990 til 1999.

Den første filmen eg virkelig masa på foreldra mine om å få sjå, var vel Terminator 2. Det skulle gå nokre år før eg fekk sjå mesterverket, men det var verdt det. Den filmen er i mine auger sjølve ikonet på prima 90-talsaction. Perfekt. Det skal vel nevnast at atomeksplosjonen skremte livskiten utav meg den gongen..

Då eg var 11, fekk eg sjå Total Recall hos ein kompis. Dette var vel min første 18-årsfilm. Damer med tre pupper , eksploderande hovud og ikkje minst Kuato!

Sjølvsagt så var ikkje alt like bra. Predator, ein kremfilm frå 80-talet, fekk ein oppfølgar på 90-talet. Predator 2 var noko tammare enn den første, men litt kul var han no lell.

90-talet skulle gi oss mange artige oppfølgarfilmar. Die Hard 2 og 3 og Dødelig Våpen 2 og 3 er glimrande dømer. Die Hard serien, spesielt dei to første, er i min familie julefilmar. Så mens enkelte føretrekk hespetreet Tante Spypose og strikketøyet hennar, så føretrekk me John McClane sine anstrengte miner og maskinpistolen hans! Now I have a machine gun! Ho, ho, ho!

Dødelig Våpen serien er framifrå eksempel på sjangeren actionkomedie. Dette var ein sjanger som regelrett blomstra etter kommunismens fall og var lett min favorittype film, då eg var rundt 12. Eit anna godt døme (i motsatt ende av skalaen) er kalkunen Suburban Commando, der Hulk Hogan spelar ein romhelt som er stranda på jorda hos ein familie... Jepp, du skjønar nok kor tamt det heile er..

Det kom allslags folk på Dimmu Borgir sin vokalistaudition..

Etterkvart som nittitalet blei tørt bak øyrene, fekk me action-blockbusters som Independence Day, The Rock, The Matrix og ikkje minst Armageddon! Personleg syns eg desse filmane satte standarden for 2000-talets actionfilmar, og gjorde ungdomstida mi meget førnøyeleg!

Ser ein bort frå den typiske actionsjangeren eit augeblikk, så er eg nødt til å nevne essensielle perler som Pulp Fiction, The Crow, Saving Private Ryan, Clerks, Trainspotting, Natural Born Killers, Braveheart, Leaving Las Vegas, Falling Down, Fear and Loathing in Las Vegas, Army of Darkness, Fight Club og ikkje minst Wayne's World! Puh! Essensielle som sagt, så om du ikkje har sett alle desse, så har du ei fin oppgave framfor deg! ;)

Over til musikk. På 90-talet våkna musikkinteressa mi. Dei to første albuma eg fekk, var Top Gun-soundtracket og Europe med "The Final Countdown"- begge på kassett! Begge kassettane vart flittig brukte, spesielt på bilferieturane til Kragerø i 1991 og 1992.

Rock var noko av den første musikken eg satte pris på. Eg oppdaga Guns 'n' Roses og Metallica då dei slapp henholdsvis Use Your Illusion I & II og The Black Album (begge sluppe hausten '91), og dei tilhøyrande musikkvideoane fekk TUNG rotasjon på MTV til langt forbi 1995. Kompisar hadde sjølvsagt albuma og desse vart hyppig spelte då eg var på besøk hos dei. Ja, til og med eine onkelen min hadde The Black Album, men eg fekk ikkje låne det, då mamma sikkert ikkje ville like det..

Etterkvart nærma puberteten seg og persoleg identitet vart viktigare enn nokon gong. Me fekk sjangrar som Euro-dance og grunge, og eg må sei eg snuste på begge. Min første CD var faktisk 2 Unlimited - No Limit.. Litt flau over det no, men eg har eit veldig nostalgisk forhold til heile eurodancesjangeren. Eller, faen heller, all 90-talsmusikk (unntatt boyband) gjer meg dritnostalgisk! ;)

Etterkvart kjøpte eg meg mitt eige stereoanlegg. Eg kjøpte eit brukt AKAI(!) for ein 500-lapp av ein kompis, og fekk ein valfri CD på kjøpet. Det blei Green Day - Dookie! Kremplate! Fordelen med å ha eit anlegg var at musikk kunne lett takast opp på kassett. P3 hadde jo faktisk fantastiske spelelister (Og program, som XL og Karate!) på den tida! Til og med Absolute Music-serien var brukande på 90-talet, og så vidt eg veit, så hadde jo "alle" Absolute Music 12, og ho vart hyppig spelt på klassefestar. Min første slow-dans var faktisk til The September When - Cries Like a Baby på den plata.

Plata "alle" hadde og som var gull verdt på klassefest!

Lenge vingla eg hit og dit i musikkverda, men under eit kaffibesøk hos onkel og tante tidleg i 1997, rota eg i CDane til det eldste søskenbarnet mitt, og fann to Iron Maiden-album. X-factor og Best of The Beast. Eg stirra lenge på coveret til Best of The Beast, og sa til meg sjølv, at dette var noko av det tøffaste eg hadde sett. Eg satte på plata og fann låten 2 Minutes To Midnight. Grunnen til at eg valgte denne, var at ein bekjent av meg hadde eit Maiden-ryggmerke med motivet frå denne singelen - Eddie (Maiden sin maskot), med ei rifle i eine handa, sit i ruinane av FN-bygningen og peikar på deg medan ein atomsopp skyt opp i bakgrunnen!

Låten kickar i gong med eit kanonriff, før trommene til Nicko McBrain smell i veg! Så kjem vokalen til Dickinson! Visjonar om krig og elende: "Kill for gain or shoot to maim, but we don't need a reason.. ...Napalm screams of human flames... ...The body bags and little rags of children torn in two..". Eg var mållaus. Dette var den beste musikken ever! Metal kombinert med tekstar som ville sei oss noko. Solgt! Det gjekk ikkje mange dagane før Best of The Beast var skaffa. Eg høyrte vel på den plata non-stop i 2 veker.. Men eg måtte ha meir Maiden! Eg lånte eit par CDar av nokre kompisar, men det var heller ikkje nok, så etter eg var konfirmert og hadde ein solid bunke monetas, trampa eg ned til platesjappa og bestilte ALT av Maiden som kunne skaffast!

Dei neste to åra høyrte eg ikkje på anna enn Maiden. Etterkvart fann eg fram Metallica og G'n'R att, og spedde på med band som Manowar, Blind Guardian og Helloween (powermetal-fasen min), og såleis utvida musikk-horisonten min seg voldsomt. Men då er me over på 2000-talet, og det er ei anna historie.

Siste emnet her, er om fjernsynet på 90-talet. Eg har mange gode minner om laurdagskveldar heime, der den heimelaga pizzaen står rykande varm på bordet, og laurdagsunderhaldninga surrar og går på fjernsynet.

Midt i Smørøyet er vel eit av dei kjæraste fjernsynsminna eg har frå dette tiåret. Det gjekk i 10 år, frå 88 til 98, og var "mediainngangsporten" til mange av dagens kjendisar, som til dømes Bertine Zetlitz og Triana Iglesias. Borgen skole var vel kanskje det kulaste med heile Midt i Smørøyet, og gav oss vestlendingar eit innblikk i korleis ungar og ungdommar i Oslo var.

Eit anna program som alltid var ein hit, var den årlege sendinga av Ta Sjansen frå Holmenkollen. Det var to klassar - båt og sykkel. Båtklassen gjekk ut på at ein satte utfor ei sklie i heimalaga farkostar, og målet var å fyke utover Besserudtjernet, få fatt i ei bøye med bjelle og ringe med denne bjella - på kortast mogleg tid. Sykkelklassen gjekk ut på at ein skulle sykle på ein slags tynn flytebrygge-planke over til ei større "øy" - dette også utan å velte og på kortast mogleg tid. Veldig Jackass! :D

På 90-talet fekk me parabol, og ei heil verd av artige kanalar åpenbarte seg. MTV (Europa-avdelinga) og Cartoon Network var det desidert beste. Tvilsomme tyske kanalar hadde me òg. Etterkvart kom TV2 og NRK2 (TV3 og TVNorge fekk me ikkje inn før seint på 90-talet) og utvalget på fjernsynsfronten kom seg betydeleg.

I februar 1995 hadde eit av mine favorittprogram første sending. Go' elg! I dei fem åra det var på lufta, så var det eit helgerituale. Heim frå skulen - sluke middagen - slå på NRK! Her var det noko for ein kvar smak! Musikkvideoønsker, konkurransar, seriar! Den lett maniske Jan Erik Larssen satte verkeleg helgestemninga, medan Vera Micaelsen og Stine Buer, fekk det til å boble litt ekstra i ein pubertal gutekropp...


Symbolet for helg - før alkoholen tok oss alle!

Den norske humoren på 90-talet var også noko heilt spesielt. Bård Tufte Johansen og Harald Eia tok over stafettpinnen frå KLM med Lille Lørdag og seinare Åpen Post, og var som eit friskt pust, med sin ironi og satire. Otto Jespersen var også ein av komikarane som dominerte 90-talet, med dei herleg politisk ukorrekte programma O.J. - Ut på prøve, O.J. - På nye eventyr, Trotto Libre (med Trond Kirkvaag) og O.J. – en utstrakt hånd.

Ellers var det ein haug med kvalitetsprogram på 90-talet, du finn kanskje nokre gamle favorittar her?

Merk: Publiseringsdato er 3. mars 2011, då 25. oktober 2009 skriv seg frå den lagra kladden.

Ingen kommentarer: